Forma på laftehovuda har skifta opp gjennom tidene. Dei kan derfor brukast til datering av bygningar - særleg kombinert med andre bygningshistoriske trekk. Men også laftehovud aleine kan gje ein peikepinn på alder.
Dette er eit 1600-tals laftehovud, eit varsel om at dette kan vere ein automatisk freda bygning. Alle bygg frå før 1650 er automatisk freda. Kjem du over lafteovud som har denne fasongen, kan du melde frå til Museumstenesta i Aust-Telemark.
|