Du gjev nåtida ei framtid
Tenk på museet ditt når du er i tvil om kva du skal gjere med gamle gjenstandar. Kanskje har dei historisk interesse og bør kome til ein stad der dei blir tekne vare på og gjort tilgjengelege for publikum. Gjenstandane treng forresten ikkje vere så gamle, og det treng heller ikkje vere ting som tek seg flott ut. Vanlege bruksgjenstandar kan ha like stor verdi.
Ikkje alle museum kan samle på alt. Gjenstandar tek plass og skal takast vare på - helst til evig tid. Men vend deg til museet heller ein gong for mykje enn ein gong for lite. Om ikkje ditt museum har bruk for gjenstanden, kanskje det veit om eit anna som samlar på akkurat dette.
Dei samlingane som musea i distriktet har i dag, er ikkje skapt fordi vi har hatt store institusjonar med mange tilsette som har hatt ressursar til å spore opp og kjøpe interessante bygningar og gjenstandar. Mykje har blitt samla inn ved aktivt museumsarbeid, men like viktig har det vore at lokalbefolkninga har støtta opp om musea med gjenstandar eller informasjon om fortida.
Museet ditt har bruk for deg
Musea spelar ei viktig rolle innanfor kulturlivet, men har også ein funksjon i tilknytning til næringslivet. Dei er gode å ha når du skal fylle fritida til forretningsforbindelsar eller slektningar som har kome på besøk. Dei er utvida klasserom for skuleverket og noko turistnæringa kan reklamere med i håp om å få besøkande til å stoppe.
Men på små museum er det vanskeleg å oppfylle desse rollene utan hjelp frå lokalbefolkninga. Eit museum treng ikkje berre gjenstandar, men også lokal ekspertise som sit inne med kunnskap om fortida eller kan tipse om kulturminne som bør reddast. Kanskje nokon også kunne tenke seg eit meir aktivt arbeid med å samle inn eller registrere foto, stadnamn, ferdselsårer, livshistorier eller kva det måtte vere.
Med ditt bidrag kan museet setje fortid, nåtid og framtid inn i ein betre samanheng og bli ein viktig møteplass. Ikkje ein stad der du får servert evige sanningar, men like gjerne ein stad som stiller spørsmåla.
AKTUELLE ARTIKLAR
Her vil du finne lenker til artiklar som er relevante for museumsarbeid:
MØTES, BIDRA, GJØRE INNTRYKK
Text: SVEN NILSSON, forfattar og debattør, fil.dr. og docent i litteraturvitenskap ved Lunds universitet, Sverige.
Les artikkelen
|