|
|
Årestogo frå Miland
|
Museet fekk denne bygningen på hand i 1924, men fyrst i august 1935 byrja arbeidet med flyttinga. Kor lang tid dette har teke, er uvisst, men eitt år etter er iallfall bygningen ferdig oppsett på museet.
Tilstaden til bygningen den gongen han blei flytta, kan neppe kallast perfekt. Det blei klaga på regnveret under rivinga i 1935, for væta gjorde skade på dei rotne stokkane. I dag kan vi sjå at bakveggen er ny. Det same er mesteparten av den innvendige skiljeveggen. Handverkaren (Jon Miland) som var ansvarleg for restaureringa,fekk dei nye stokkane skorne på sirkelsag slik at det blei skarp kontrast til rundtømmeret som var frå før. Øystein Brekke retta ein del på dette i 1970 ved å telje vekk noko av sirkelskurden og runde stokkane litt.
Sidan såpass mykje har blitt skifta ut, har også ein del informasjon om bygningen gått tapt. Bl.a. anna er det spor i veggen t.v. i gangen som tyder på ein sleppvegg. Men eventuelt tilsvarande spor på motståande vegg er borte sidan veggen er ny. Dette var eit problem under oppsetjinga. Ein hadde opphavleg tenkt seg ei tre-roms stugu, men til sjuande og sist blei det to rom. Kanskje fordi ein vanta sikre haldepunkt på at det hadde vore tre rom. Rickard Berge meiner i Tinnsoga (Bd.2 s. 567) at det hadde vore ei tre-romsstogu, men veggen inn til kleven var borte også på hans tid.
Taket har både åsar og sperrer, men ingen mønsås, for der er opningen til ljoren. Tak med åsar var mest vanleg på Austlandet. Under åsane er det to tilsvarande stokkar frå gavl til gavl. Dei blei kalla slindar og var til oppheng for kokekar over åren og til å legge frå seg på.
|
|
Utsnitt frå årestogo 1
|
|
|
|
Utsnitt frå årestogo 2
|
|
|
|
Utsnitt frå årestogo 3
|
|
|
Det opne romet i ei slik stugu var både opphaldsrom, soverom, kjøken og arbeidsrom. Derfor blei det trongt, og det var få møblar. Langs veggane er det moldbenkar forå hindre trekk. I tidlegare tider var moldbenkane breiare og blei også nytta til senger. På golvet var det vanleg med hardtrampa, tørr mold. Der det var tilgang på skifer, var dette også i bruk som golvmateriale. Vindauga var ikkje vanleg. Lyset fekk ein frå ljoren og elden. Det kunne derfor bli noko mørkt ute i krokane, og ofte hadde bonden eit navarshol gjennom veggen ved sida senga, stengt mot trekk av ein ”sengjatapp”. Gjennom holet kunne han sjå kor langt morgonen hadde lide. Det kunne elles vere godt med hol til pinnar til oppheng for både det eine og det andre. Enkelte stader finn ein opningar med ei lita slå, bruka til vindauga eller trekkregulator.
Olav O. Miland har også skrive at i 1820-åra blei Sud-Miland forpakta bort i fem år sidan eigaren var sjukleg. Årestogo blei gjort i stand som bustad for forpaktaren. Det blei mura pipe, gluggane blei erstatta av vindauga. Dørane blei gjort høgare, og stogo fekk kjellar. Gvåv blei lagt på taket (”suletak”).
I dag er det meste av dette ført tilbake. Ljoren er på plass. Den var omtrent midt i taket, omkransa av ein karm som smalna av oppetter (for å samle røyk og spreie lys til sidene). Ljoren kunne tettast med ein sjå av kumage eller griseblære. Andre stader låg det ei treplate over.
Den staselege senga er frå ei årestogu på Mo i Dal sokn, men er forlenga. Ho er teikna som dobbeltseng av Olav O. Miland, heiter det i arkivmaterialet. Men det er eit ope spørsmål om han har ideen til ei slik dobbeltseng frå Mo eller Miland. Framskåpet, slik vi har det her, var også eit viktig møbel i årestogu. Roskåp var og vanleg. Elle var det mykje utstyr til matstell og daglege gjeremål. T.d. trekoppar av ulike slag, gryter.
|