|
|
 |
|
|
Åkrelåven
|
Årstall:
Plassering: Åkre
Bruk: Vanleg låvetype, 6-vegga
Særtrekk:
|
Åkrelåven blei sett opp i 1954. Museumslaget gav 900 kroner for bygningen, men kjøpte i tillegg stokkar for 200 kroner til nødvendige utskiftingar. Låven, eller "loo", var på den tida den einaste bygningen som var att på Åkre, og stod i vegkanten midtvegs mellom Stivi og Brekke.
|
|
Åkrelåven, innsida
|
Det er ein vanleg låvetype av det 6-vegga slaget med ein køyrelåve eller treskelåve i midten og ei "lugu" på kvar side. Under treskelåven er det ein underlåve for agner og bøss etter treskinga. På kvar side av låvebrua er det "sjykjur". Mange stader blei desse bygd av bord på eit seinare tidspunkt som ei fylgje av auka åkerareal og dermed større avling. På Åkrelåven er dei tømra som resten av bygningen.
I den eine lugu var det plass for "buhøyet" (skraphøyet) i den andre "hevdehøyet" (godt gjødsla høy). Når kornet blei køyrd inn, blei dette lagt oppå høyet. Var det mykje åker, måtte begge lugune takast i bruk. Bygg og kveite i ei, havre i den andre. Opningen i veggane mellom treskelåven og lugo blei kalla "brikja". Kornbanda blei lagt i ringar med toppen inn, tett i tett. Dette var for å unngå at musa kom og forsynte seg av avliga før treskinga.
Golvet i treskelåven måtte vere tett, for det var der treskinga gjekk føre seg. Det same galdt endeveggen som kunne bli stappa med filler for at kornet ikkje skulle kome på avvegar når det blei kasta. I andre enden av treskelåven var det eit lite hol i golvet der agnene blei sopa ned i underlåven.
(Hallgrim Høydal: "Lat oss ikkje forfedrane gløyma."
|
|
 |
|