| Aktuelt | Fotoarkiv | Fagstoff | Kontakt | Søk |

Velkommen til Heddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Historikk

Praktiske opplysningar

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tuddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tinn Museum

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar


Information in English
 
Telemark Fylkeskommune

0

  Stallen på Sud-Gvåla

Stallen frå Sud-Gvåla
Årstall:
Plassering: Sud-Gvåla
Bruk:
Særtrekk:


Sjølvsagt måtte også hesten ha sin eigen bygning, og i 1951 blei stallen på Sud-Gvåla gjeven til Bygdetunet. Men arbeidet med å få reist han på den nye tomta tok tid. Det var mykje rote, og hausten 1952 var han framleis ikkje ferdig. Den siste eigaren på Gvåla var død i 1916. Garden hadde deretter gått over til Tinne, og gardsdrift hadde det blitt lite av etter denne tid då den nye industribyen Notodden åt seg utover og la beslag på meir og meir innmark.

Stallen på Sud-Gvåla hadde derfor stått ubruka i mange år, og i mellomtida hadde det grodd opp hus rundt den gamle garden. For desse låg stallen upraktisk til. Særleg var det tungvint å kome til Linbursdokka. Då måtte ein ta ein sving opp i bakken for å kome rundt stallen. Vinterstid var det ekstra problematisk, for det var uråd å brøyte med slike vegløysingar. Naboane tok derfor eit initiativ for å stallen til Bygdetunet, og verken eigaren eller kommunen hadde noko imot å fjerne bygningen og legge om vegen.

Stallen frå Sud-Gvåla er av ein type som har vore vanleg i bygdene her. Eit rom for hestane i fyrste høgda og så eit høytrev over. Høytrevet er trekt ut over inngangsdøra. Foret blei bore opp ei trapp til trevet og så kasta ned til hestane gjennom ein glugge i himlinga. Når dei køyrde inn høyet, skilde dei ut det beste til hesten. På Austlandet der driftsformene gjorde det nødvendig med sterke, velfora hestar var dette viktig. Statusen til hesten spela vel og ei rolle.

Møkkaglugg kunne det vere i slike bygningar, men det vanlege var å bruke døra. I den tida dei garva sjølv på gardane, plasserte dei garvekjeret i stallen. Dette var helst i store stallar, og kjeret stod der på grunn av varmen. I fjoset hadde dei før i tida ein geitebukk for å hindre kalvekasting. I stallen var det ein stallbøkår (sauebukk) for at følhoppa ikkje skulle kaste følet. Å sende sauer inn til ei slik hoppe, var derimot ikkje bra. Like gale kunne det gå om hoppa skulle kjenne lukta av sauetalle.

(Hallgrim Høydal: "Lat oss ikkje forfedrane gløyma.")