|
|
Løkjakvenna, oppsida
|
Heilt på tampen av 1962 sende Oddvar Fyrileiv eit brev til fylkeskonservator Halvor Landsverk. Fyrileiv hadde gått forbi Løkja-kvenna og konstatert at bygningen var i forfall. Noko måtte gjerast for å redde dette kulturminnet. Fylkeskonservatoren kom på synfaring og slo i eit brev til Heddal formannskap fast at ein innsats måtte gjerast straks. Det var nå eller aldri. Etter å ha fått kostnadene på bordet, gjekk kommunen inn for å ta på seg restaureringa mot å overta eigedomsretten til kvenna. Kvenna skulle så gjerast tilgjengeleg for folk "etter same reglar som gjeld for bygdetunet. "På denne måten kom bygningen inn under ansvarsområdet for museumslaget i september 1963.
Løkjakvenna ligg i sitt opphavlege miljø ved den gamle vegen gjennom bygda. Her ligg og den bautasteinen som etter segna skal vere reist over Vrang Stivi, ein av dei bøndene som stod bak bygginga av stavkyrkja. Vrang Stivi var så tung å dra at hestane ikkje greidde det lenger enn hit. Derfor gravla dei han her og reiste steinen over han. Noko nedanfor ligg den litt avlange steinen som Finn kasta mot kyrkja. Finn var trollet som bygde Heddal stavkyrkje, og frå den nye heimen sin i Himing prøvde han i raseri å øydelegge kyrkja ved å kaste store steinar ned i dalen.
|
|
Løkjakvenna, nedsida
|
Her ved Stiviåo har det nok vore kvenn lenge. I den nåverande er det skrive årstalet 1868 saman med nokre bokstavar. Dette kan vere byggeåret. Kvenna har to sett kvennesteinar, og den høgre delen høyrde til Sud-Stivi og den venstre til Løkja. Dei to gardane ligg på kvar si side av fossen, og den gongen kvenna blei bygd, budde det to brør på Løkja og Sud-Stivi.
Kring 1900 blei kvenna tatt ned, og ein del av dei nederste stokkane blei skifta ut. Samstundes fekk kvenna innebygd sikte. Før denne tid hadde det og vore ein spiss i hjørnet til høgre i det ein kom inn. Neri Løkja (f. 1886) kunne hugse at bestefar hans sat og vermnde seg der når han mol. I tillegg til dette blei så kvenna restaurert i fyrste halvdel av 1960-talet. Dette var eit omfattande arbeid, både med utskifting av stokkar, nytt golv og himling. Taket fekk ny trøing, og dam og renner blei sett i stand.
Løkja-kvenna fekk vatn frå Bondo. Engrav og Åkre hadde dam der oppe, så det galdt å nytte ut vatnet medan Engravskvenna var i drift lenger oppe i Stiviåo. Utanom dette måtte ein ha løyve frå dameigarane for å kunne setje på vatnet, og siste gongen det blei male her i større stil, var under krigen. Mykje illegalt korn blei foredla til like illegalt mjøl. Også det er ein del av historia til den siste kvenna i bygda.
(Hallgrim Høydal: "Lat oss ikkje forfedrane gløyma.")
|