I oktober 1947 heldt museumsnemnda eit ope møte på Sløyd- og teiknelærarskulen for å informere om arbeidet sitt. Det var på dette møtet at A.A. Ryen kunne gje meldinga om at Anne Kleppen frå Øvre Haave gav den gamle stugo si til Bygdetunet. Dette var ein månad før museumslaget blei skipa, og nesten tre år før Bygdetunet blei opna. Året før hadde Anne Kleppen skrive til Norsk folkemuseum for å høyre kvar ho kunne få tak i blyvindauge av den typen som hadde vore i stugo. Sjølv hadde ho tenkt å få bygningen riven, men slektningane meinte at han burde stå som eit historisk minnesmerke. Brevet hamna etter kvart hjå Riksantikvaren, og i svaret frå Halvor Vreim var det ikkje berre med eit oversyn over kva som burde gjerast med bygningen, men også ei sterk understreking av kor viktig ei istandsetting var i dette tilfellet. "Slektshistorisk, bygdehistorisk og samfunnsmessig sett er det overordentlig verdifullt at stuen reddes for ettertiden på en værdig måte," skreiv arkitekten.
Men redningsaksjonen drog ut, og året etter blei bygningen gjeven til det påtenkte museumslaget som den fyrste gåva. Heilt uproblematisk var det ikkje, for stugo var i dårleg stand, og det hasta med å gjere noko. På den andre sida var det ikkje lett å få noko gjort for eit lag som ikkje fekk løyst tomtespørsmålet sitt før i 1949. Mot slutten av året var arbeidet med bygningen sett bort, og i 1950 stod tømra der. Rett nok mangla taket, men i 1951 kom eternittplater som skulle vere underlag for eit torvtak - som det drog ut med. Spiss (peis) og pipe måtte vente til økonomien kunne tillate det.
Sjølv om bygningen nå var reist, var ikkje alle problem ute av vegen. Halvor Vreim kom på synfaring i 1953 og var ikkje nådig mot det handverksarbeidet som var utført. Han meinte stugo burde takast ned att for å erstatte rotne stokkar i bakveggen med nye. Dessutan måtte det ny grunnmur, golvet i romma skulle vere av brei plank, og dei gamle, blyinfatta glasa skulle kopierast. Museumslaget meinte det fekk greie seg med ei enklare løysing når det galdt bakveggen, noko som løyste problemet fram til fyrste halvdel av 1990-talet då ein større reparasjon ikkje var til å unngå. Det andre problemet med Haavestugo var inventaret. Bygningen hadde stått ubruka i fleire år, og det meste av inventaret hadde kome på avvegar. Berre ei kroneseng med skåp og ei hylle var att. Rådet frå dei sakkunninge var å lage kopiar etter mønster frå den Haavestugo som hadde kome til kong Oscars samlingar på Bygdøy alt i 1881. Det var berre ein liten hake ved dette rådet: Det kosta pengar.
Problemet måtte vente på ei løysing til 1960. Då kom det melding frå Sveinung A. Landsverk, fødd på Øvre Håve, og sonen Arnor at dei kosta innreiinga av stugo. Endre Bergland og Sverre Rønjom fekk oppdraget, og Vreim hadde ingen ting å utsetje på denne delen av arbeidet då han seinare kom på synfaring.
|
|
Peis / skåp
|
|
|
|
utgang
|
|
|
|
Skåp og seng
|
|
|
Haavestugo er ei gjestestugu. Normalt var det uppstugo som blei bruka til dette føremålet, men Johann Michael Lund skreiv i 1785 at velståande bønder "have et særskilt Huus til Fremmedes Bevertning, naar de ikke have Vaane-Huse af tvende Stokværk med ordentlig indrettede Overværelser, skiønt saadanne Vaane-Huuse er sieldne." Men på begge Håve-gardane hadde dei kvar sitt. På Nedre Håve blei huset reist i 1738 og på Øvre i 1744. Bygningen frå Nedre Håve blei gjeven til kong Oscar, og var den fyrste bygningen som blei flytta til det som skulle bli kjent som Norsk folkemuseum. Av frittsåande gjestehus er det berre desse to att frå Øvre Telemark i dag.
Bygningstypen er den vanlege treroms med eit stuttre (svalegang) ved inngangspartiet, og eit langre på gavlenden. I innerste enden av langreet var den tidas toalett, "kåmåren". Å tøme dette var ein jobb mannfolka kvia seg for. Det blei sagt om ein husmann i Tinnegrend at han sa ja takk til eit slikt oppdrag, men vilkåret var at han fekk køyre kåmåren på epletrea sine. Det fekk han.
Kven som bygde Haavestugo, veit vi ikkje, men byggherren og kona har iallfall fått initialane sine på sengeskåpet: Halvor Christenson Haave og Tone Rollefsdotter. Eitt av barnebarna deira, Ole, blei gift med Aslaug frå Nedre Håve. Dei budde dels på Høymyr, dels på Håve. Ole døydde i 1790, og i 1792 gifta Aslaug seg oppatt med Jon Leivsson Bentsrud eller Tinne.
"Hitterdalsboken" fortel at ho døydde på bryllaupsdagen sin 26. juni med same dei hadde kome heim frå kyrkja. Det blir fortald at Aslaug kjende seg trøytt, tok av seg skorne og la seg i brurestasen. Dette skulle ha vore i kronesenga i gjestestugo. I bryllaupet var det ei plasskjerring av taterætt som hjelpte til med å stelle på bordet. Ho kom med ein kopp kaffi og fekk brura til å drikke. Straks etter blei Aslaug dødssjuk og døydde etter ei lita stund. Brudgommen treiv sølvspenna og brureskorne og ropa at han ikkje lenger ville vere i eit slikt mordarhol. Han slengde seg på hesten sin og rei heimatt til Tinne. Plasskjerringa budde sidan i Høymyrkåsa utan å betale avgift, seier soga.
Korleis det nå er med denne historia eller ikkje, så var det ei langt trivelegare tilstelning i Haavestugo 6. oktober 1962. Då var den nye innreiinga på plass, og Museumslaget kunne feire saman med innbedne gjester.
(Hallgrim Høydal. "Lat oss ikkje forfedrane gløyma.")
|