|
|
 |
|
|
Busnesstugo
|
Årstall: Sein middelald. /1500-t /1700 -1800-tall ( 2 høgda )
Plasering: Austre Busnes / Rudsgrend
Bruk: Årestugo / Stugubygning, 2 høgder
Særtrekk: Kove med innhogde endestokkar for plass til seng
Litteratur: Arne Berg: Norske tømmerhgus frå mellomalderen. Bd. 3. (Oslo 1991.)
|
I april 1978 hadde Tønsberg Blad ein heilsides reportasje med overskrifta "Årestue fra 1300-årene fraktet bit for bit fra Telemark til Tønsberg." Fylkeskonservatoren i Telemark sende ei melding om dette til Riksantikvaren og seier at bygningen blei riven sommaren og hausten 1976, men at han fyrst blei kjend med det gjennom avisreportasjen.
Det som hadde skjedd, var at ved bygginga av ny stugubygning på Austre Busnes i 1960-åra, kom denne så nær den gamle stugo at bygningsrådet kravde den gamle fjerna. Ein arkitekt kjøpte gamlestugo og flytta ho til Tønsberg for å setje ho opp som bustad. Etter denne flyttinga gjekk det opp for kulturminnevernet at det var snakk om ei tømre som kunne vere frå mellomalderen og dermed automatisk freda. Med andre ord ein type bygning som ein slett ikkje riv og flyttar, men tvertimot prøver å verne med varsam hand.
Korleis kunne så noko slikt skje? Eigaren hadde fått grønt lys av bygningsrådet til rivinga i 1971. På ein tur til Rudsgrend hadde dessutan fylkeskonservatoren tilfeldigvis vore innom og sett på Busnesstugo. Han reagerte då han fekk høyre at ho måtte rivast og ville kome tilbake og sjå på bygningen ved eit seinare høve. Åra gjekk, og ingen fylkeskonservator dukka opp. Ein annan versjon går ut på at fylkeskonservatoren hadde sagt at han ikkje hadde pengar til å gjere noko med stugo. Same korleis detaljane er, så trudde eigaren at stugo var utan interesse og fekk ein notodd-advokat til å stå for salet av bygningen.
Riksantikvaren bruka ikkje mykje energi på å fordele skuld. I staden blei det laget meir arbeid i å kome til ei minneleg ordning med kjøparen og dessutan finne ein ny heimstad til bygningen. Ei oppsetting i Vestfold var ikkje aktuell, derimot blei både Tjonebakken i Gransherad og Heddal bygdetun vurdert. I fyrste omgang håpa Riksantikvaren på ei oppsetting i Gransherad, men seinare synfaringar fekk avgjerda til å helle i retning Heddal. Dette førte til ein skarp reaksjon frå Gransherad museumslag. Kulturskattar frå bygda hadde tidlegare funne vegen både til Stockholm, Bygdøy og Skien. Skulle Heddal på toppen av det heile reise med Busnesstugo? Vi finn oss ikkje i å bli haldne utanfor på denne måten, var den klare meldinga frå museumslaget.
Men valet fall på Heddal, og årsakene var fleire. Tjonebakken kunne bli eit bygdekunstsenter, men hadde for lite areal til å bli museum. Det var heller ikkje noko berekraftig miljø rundt museumslaget, meinte dei høge herrar. Heddal låg derimot i tilknytning både til eit pedagogisk miljø og eit mellomaldermiljø med stavkyrkja ikkje langt unna. Dessutan var bygdetunet i Heddal med på tilskotsordninga for halvoffentlege muse og hadde kome i eit organisert gjenge, noko som innebar større tryggleik for ein slik bygning. I tillegg bruka Riksantikvaren også kommunesamanslåinga som argument: Gransherad og Heddal låg i same kommunen, og den eine lokaliseringa var derfor ikkje meir galen enn den andre.
Den siste diskusjonen kom til å stå om inventaret. Kjøparen hadde fått med seg det meste, men ei golvklokke, roskåp og framskåp hadde blitt att på Busnes. Det var det ikkje så mykje å gjere med. Av det som hadde funne vegen til Tønsberg, ville kjøparen ha eit roskåp. Sengene i uppstugo, skiva, langbord, hyller og ein etasjeomn kunne fylgje huset.
Dermed stod det att å flytte huset for andre gong og få det på beina. Sidan det var snakk om mellomalder, var det Riksantikvar og fylkeskonservator som tok styringa i arbeidet med restaureringa, og bygdetunet følte at dei hadde lite med saka å gjere. Mykje treverk måtte skiftast: Ny sval, nye vindaugo, tak, laftekasser og spiss. Taket fekk torvtekking som det truleg hadde hatt før, og i august 1981 var bygningen klar for innviing. Sveinung Bakka hadde stått for gjenreisinga, og han hadde fått mykje å bryne seg på under arbeidet.
|
|
Interiør1 / 1 høgd
|
|
|
|
Interiør utgang / 1 høgd
|
|
|
|
Interiør kåve / 1 høgd
|
|
|
Busnesstugo er i dag ein stugubygning frå 17-1800-talet med treromsplan i fyrste høgda. Men det er stor skilnad på tømringa i dei to høgdene. Grovare, rundt tømmer med runde laftehovud i fyrste høgda. Grannare, flathogne stokkar med firkanta laftehovud i andre høgda.
Koven i fyrste høgda er verd å merke seg. Ikkje fullt 1,4 m brei har det neppe vore sovestad for kjempekarar. For å få til ei breiare seng, har dei snudd ho, men det gjekk ut over lengda. Dette blei kompensert ved å hogge seg inn i veggstokkane i båe endar av senga.
|
|
Interiør 2 høgd / senger
|
I stugurommet er det gamle gluggar under vindaugo. Det er smale opningar mellom to omfar. Truleg har dei vore lysopningar, eller kanskje lufteopningar den gongen dette var ei årestugu. Når elden på åren var slokna og ljoren i taket stengd, kunne ein tette lufteopningane og halde på varmen. Av gamle spor finst det og bord frå taktroa med sprettelgjing og restar av ei gammal beitski, prydd med trekantmotiv. Halvor Landsverk samanlikna denne dekoren med ei vindski på Eidsborg stavkyrkje og ein detalj frå Blakarstolen frå Lom.
Arne Berg reknar med at stugo har fått to høgder kring 1700, men fyrste høgda er eldre. Det er ingen sikre teikn på dateringa anna enn at huset må vere bygd før det blei vanleg med vindauge. Desse kom kanskje på 1600-talet, og Berg har gjetta på at bygningen kan vere sett opp på 1500-talet eller i sein mellomalder. Dendrokronologiske prøver har så langt ikkje vore til noka hjelp.
(Hallgrim Høydal: "Lat oss ikkje forfedrane gløyma")
|
|
 |
|