| Aktuelt | Fotoarkiv | Fagstoff | Kontakt | Søk |

Velkommen til Heddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Historikk

Praktiske opplysningar

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tuddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tinn Museum

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar


Information in English
 
Telemark Fylkeskommune

0

  Fyrileivstugo

Fyrileivstugo
Årstall:1930
Plassering:Holmenkollåsen
Bruk:Treromsstugu
Særtrekk: Spegelvend kopi av stugo på Øvrebø, Hjartdal frå 1799.
Smiarbeid av Bilgrei. Inventar av Olav Fyrileiv
Litteratur:

Dette er ein bygning som fell utanfor mønsteret for dei andre husa på Bygdetunet. Vanlegvis blir kulturverdiar førde ut or bygdene og inn til pengesterke kjøparar i byane på meir eller mindre lovleg vis. Fyrileivstugo er eksempel på det motsette. Didrik Kongshem fekk bygd "Kongshemstugo", som ho heitte den gongen, på eigedomen sin i Holmenkollåsen. Det er heller ikkje nokon gamal bygning lik dei vi ventar å finne på eit bygdetun. Byggeåret er 1930, og i 1989 var Kongshemstugo omdøypt til Fyrileivstugo og på plass i Heddal.

Didrik Kongshem hadde slekta si frå Hem i Sauherad, og dette har nok spela ei viktig rolle for den interessa han synte for telemarkskulturen. Han hadde frå før eigedomen Lognvik i Rauland der han la ned mykje pengar i restaurering av bygningar. Med Kongshemstugo fekk han også ein bit telemarkskultur inne i byen. Stugo er ein spegelvend kopi av stugo på Øvrebø i Hjartdal, bygd i 1799. Det har såleis blitt ei tradisjonell treromsstugu med mykje av det same inventaret som ein ventar å finne i eit slikt hus.

Ansvaret for dette inventaret gav Kongshem til Bilgrei og Olav Fyrileiv. Den fyrste var kunstsmed og hadde m.a. hatt ansvaret for portane inn til Frognerparken. Her skulle han stå for alt smiarbeid, som låsar og beslag. Fyrileiv var den som tok seg av inventaret: snikring, treskurd og rosemåling. Både skåp, senger, gavlveggen og mønsåsen er dekorerte. Dessutan har det etter kvart kome til anna inventar frå Fyrileivs hand.



Fyrileiv,interiør1

Langbord

Fyrileiv, interiør3


Der var Olav Smedsruds interesse for arbeidet til bestefaren, Olav Fyrileiv, som var årsaka til at bygningen kom til Bygdetunet i Heddal. Han var innom hjå Edith Kongshem for å fotgrafere Fyrileiv-arbeid og fekk tilbod om å kjøpe stugo. Edith var enka etter Didrik Kongshem og meinte bygningen burde kome til nokon som hadde betre høve til å ta seg av han enn det ho hadde.

Noko privat Fyrileiv-mausoleum var det ikkje snakk om å lage, men kunne stugo flyttast til Heddal og kome folk flest til gode, meinte Smedsrud det var eit interessant tilbod. Han bad om ein pris og at tilbodet blei ståande ope ei stund. Prisen kom: 250.000 kr. På same tida hadde Edith Kongshem eit tilbod på 700.000 kr frå ein av dei meir pengesterke hus-samlarane.
Didrik Kongshem hadde bl.a. bruka stugo til representasjon i det telemarkstunet han hadde bygd opp. Dette var ei stund sidan, og behovet for vedlikehald og reparasjon var avgjort til stades. Dessutan var det og eit spørsmål om stugo hadde nokon antikvarisk verdi. Fylkeskonservatoren var med på synfaring, og handverkarar frå Folkemuseet vurderte den tekniske tilstanden. Båe partar var positive.

Dermed kunne ei arbeidsgruppe frå lags- og foreiningslivet i bygda kaste seg over arbeidet med å få stugo til Heddal. Mange gode krefter tok del: Dei vidaregåande skulane på Notodden og Rjukan tok seg av transport og tømrararbeid. Bedrifter og enkeltpersonar støtta med pengar eller dugnad, og fleire offentlege instansar spytta i kassa. Men ryggrada i økonomien var eit kunstlotteri der fleire kjende kunstnarar sytte for gevinstane.


Utsnitt frå kåven
Kontrakten med Edith Kongshem blei skriven i 1986. Men det var mange brikker som skulle på plass, inklusive ein langvarig debatt om kvar på bygdetunet stugo skulle stå. I september 1989 var arbeidet gjort, og Fyrileivstugo kunne opnast for publikum. Nokre år seinare blei bygningen formelt overført til Heddal bygdetun. Museet hadde på denne måten sikra seg eit arbeid frå ein av dei få bygdekunstnarane som stod med eitt bein både i den gamle og den nye tida. Olav Fyrileiv heldt bygdekunsten ved like i ei tid då ikkje mange dreiv med den slags, men opplevde seinare ei ny interesse og offentleg anerkjenning både med fortenestemedalje og kunstnarløn.
Som ein kuriositet kan nemnast at Didrik Kongshem støtta Øystein Vesaas i arbeidet hans med å skrive om rosemålinga i Telemark. På fleire av studieturane sine var han innom hjå Kongshem og overnatta då i Fyrileivstugo - som på denne måten fungerte som ein møtestad mellom vår tids rosemåling og dei gamle meistrane.

(Hallgrim Høydal: "Lat oss ikkje forfedrane gløyma."