| Aktuelt | Fotoarkiv | Fagstoff | Kontakt | Søk |

Velkommen til Heddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Historikk

Praktiske opplysningar

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tuddal Bygdetun

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar

Velkommen til Tinn Museum

Aktuelt

Fotoarkiv

Bygningar

Praktiske opplysningar

Historikk

For skulen

Utstillingar


Information in English
 
Telemark Fylkeskommune

0

  Ingebjørg Roheim frå Bø har vore budeie på Breistul i 25 som`rar

- og dottersonen Torild Jamtveit er stølsguten og hjelpesmannen hennar på sjuende året.

Nei, maken til Ingebjørg Roheim! Nå sit ho på Breistul med buskap den 25 sommaren, og ho veit`kje noko som er trivelegare enn stølslivet!
Før ho kom til Breistul sat ho som budeie på fleire stølar. Ho var i Vindsjådalen i Tuddal og i fjellstulen i Gransherrad, ho var på Klubbestul og Rundhaugbua. Det er dette med dyra son er livet for Ingebjørg Roheim. Og er det kje gildt å veta at vi ennå har nokon att som kjenner det så?

Nå går Ingebjørg i det 70 året, og ikkje er helsa betre enn ho treng å vera – iminsto ikkje vinters dag. Men kvart år når våren kjem, når gauken gjel i liene og graset fyllest og veks i stølsdalane, då kviknar budeia til. Ei veke før jonsok ber det avstand med buskapen innover dei kjende stigane, over bekkesikl og klopp, til dei har Breistul liggjane inne på høgda. Og der helsar kvar stuv og stein dei velkomen til støls. Dyra er vel kjende og veit på ein prikk kvar dei skal. Like glade og kipne som dei er om våren når dei kjem i beite, like overtydde er dei dagane før ”Kvernknarren” om hausten at nå – nå vil dei heim!

Den gamle Breistul-bua er ei soge for seg, gammal som ho er og medteken av ver og vind. Men inne i den låge, skrøpelege stoga som likevel er velhalden og trivleg, der finn ein årstal og knivrisp i veggene. Det eldste talet ei ser rissa inn er 1830 S.O.S.S. Det er hogge ut saltgroper i benken attved bordet og står årstal og bokstavar her og der både etter heddølar, bø- og neshedingar. Stølsbua stod nede på flata, litt lenger nordvest frå fyrst av. Det var i den tida Nesherad åtte strekningane innover til Breistul. Men i 1840-åra blei bua flutt dit ho står i dag. Bygdegrensene blei og noko anna då. Nå møtes mange eigarar innpå stølane her. Her eig Strandegardane i Heddal – hit opp kjem Hefre og Hustveit og elles fleire som møtast med Bø frå andre sida.

Det blæs ein frisk vestabris innover Sætervollen og blikrar i blankt lauv på bjørkene innunder berga då den helsar på budeia og seterdrengen, den kvikke fjorten-åringen, Torkild Jamtveit frå Heddal. Ingebjørg, budeia, driv med mjølkinga. Men Torkild er i ferd med å gje kalvane mjøledrikke. Rundt ikring han dansar kåte kalvar som alle vil ha fyrst. Men Torkild svingar seg scenevant mellom dei spretne kalvane og ser til at kvar får sitt. Han fortel at han er med moromor si kvar sommar her på Breistul. Der er hile sju år sidan han fylgde henne fyrste gongen. Seinare har det blitt ein tur kvart år så visst som sommaren kjem. Guten likar jobben, seier han. Nå er han forresten ferdig med skulen og.

Men ihaust skal han inn på realskulen på Notodden. Medan vi har slege av ein prat med den greide karen på stølsvollen har budeia gjort seg ferdig i fjøset. Klokka er fem og buskapen blir slept. Det er et staseleg syn å sjå dei vene telemarks-kyrne marsjera ut frå fjøset. Der kjem den droplete bjøllekua Jølin. Set nasen i vere og kjenner på vinddraget. Der er Gullsi – Roslin og Telma – der kjem Nettlin og kvigekalven Gullrosa med alle dei andre i helane – i alt tjuge i talet. Men Sylvi Nymoen ligg ung på båsen i kveld, så her lyt Torkild ta i og hjelpe henne aldri så lite. Sakte og fint går buskapen setervollen rundt, luktar på eit og snusar på hitt før dei ruslar innover viddene på beite. For sume er elles verda så mangleis laga. Medan grisane versågo får halde seg i garden ranglar sauene på frifot sommaren igjenom.

I seterbus er reint,og kvitskura er alt som skurast kan. Bua er låg, og har bare tufta til golv. Det var det gamle.
Ingebjørg silar mjølka, slår opp i ei mugge og by oss drikke. Og medan Torkild fyrar opp i omnen, fortel Ingebjørg om seterlivet herr innpå.

” Kan du tenkje deg noko likare enn å bu i fjellet sommars dag! Og så godt som ein søv,” seier Ingebjørg. ” Eg har elles alltid hatt hug til å stelle med dyra. Og nå når eg ikkje er noko kjempe lenger, merkar eg endå betre kor godt denne fjellufta gjer meg. Straks eg kjem hit opp, kviknar eg til og får betre mathelse. Underleg med den fjellufta du. Han trivest Torkild og. Fyrste åra han var med meg hadde vi det striare. Då laut vi gjæte dyra og vi hadde mange fleire, kring 50 i talet kvar sommar. Nå er det sett opp gjerde så dyra ikkje lenger slepp nedover mot gardane på Bø-sida. Andre vegen går dei bare til Vassbua. Der stansar bjøllekua og veit dei skal kje lenger. Kyrne er forresten gode til å ta vare på seg. Det har nok hendt det har gått gale med nokre, gjennom alle åra. Ei kyr kom innunder ei låg og laut avlivast. Ei anna blei sjuk på båsen og det gjekk så fort det var kje råd berge ho. Men det har for det meste gått godt. Og beitet er fint. Dei tjue dyra vi har nå har beite i massevis. Eg har same dyra år etter år. Eldste kyra er Sylvi Nymoen – ho er 15 år og klok er ho. Om dei er frå Bø alle dyra? Nei, eg har nokre heddølur og!

Du har separator og ystekjel.
– Ja eg yster ost og kinnar smør som eg sender til meieriet i Bø.
Eg yster kvitost som ein lager av skumma mjølk. Frå våren kokar eg litt prim og lagar knå-ost. Men somrane er så kalde nå, så knå-ost gjer seg ikkje som han skal. Elles har eg ysta kvitost kvar dag i sommar, og kinna søm annankvar dag. Eg har jamne, gode kyr, men inga som er sers høgmjølka. Netlin, som kalva i februar gjev 16 1iter til dagen, og dei andre ligg litt etter. Men i den tida eg sat her med tre ganger så manger dyr, då blei det mykje budrått. Den gongen sat det budeier på stølene rundt ikring her på Nystul, Klubbestul og fleire stader. Det var livleg i fjella den gongen. Bestemor mi, Ingebjørg Hellkås, sat og her i Breistul i si tid. Ho var ei sterk kvinne som rakk ein alder av 941/2 år – Sjå på desse veggene – Her under papiret på langveggen mot tunet har Kisekarane rita inn namnetrekka sine. Det er over hundre år sidan nå. Kisekarane var dei fyrste som reiste over til Amerika her frå bygdene. Dei var nes-heringar.

Du ha ikkje set huldra innpå her?
- Å nei, eg trur ikkje på huldra. Det einaste vi hører er reven som gøyr ved nattetider. Her kom ruslande ein stor katt frå garden Svalebjørg i Bø. Det var vel denne reven gaula så på i natt. Men han vågar ikkje ense pusen; han er både stor og kraftig. Grevling er her og plenti av, her ikring Breistul, seier budeia som silar resten av mjølka.
Og medan budeia Ingebjørg frå Roheim slår liter etter liter av feitt, frodande mjølk opp i separering, tek Torkild sveiva og dreg akkurat så kvikt og fort som ein seterdreng med lang røynsle kan det.
Eit striel sopar innover fjella i sørvest. Men noko etter rivnar dei mørke sky-hausane sund og dreg unna, medan sola kjem fram og kastar gull-glim over stølsvollen. Det lært i ei døkk kubjølle åsen og singlar i lett sau-tingel lenger innpå.