Tuddal er helst ei gamal bygd. Mangt tyder på det.
Frå Mjøsstrand som vel hadde den fyrste busetnad her omkring var ikkje vegen lang til Vindsjådalen, Bondal og Austfjellets rike fiskevatn og veidemarkjer.
Det er mange mannsaldrane sidan ”innbyggarane” av skog og mark med undring såg det fyrste mennesket kom. Bygda er mykje eldre enn namnet. Tru om ho ikkje fekk dette Tuddal-namnet påhengt i den katolske tida? Føre den tida har ho kanskje heitt noko heilt anna? Eit namn har lett for å skifte form. Å finne rette opphavet til Tuddal-namnet kan bli ein hard nøtt å knekke.
Frå gamalnorsk er det skrivi Tuvedalir. Men ein er ikkje lenger komen for det. Ei tuve er ein altfor liten og vanleg ting til å sette namnet på ei bygd. Det måtte då vere som symbol på fjellkollane som er tildelt dalen i rikeleg mengd. Spørs heller om ikkje bygda er oppkalla etter dei gamle helgener som hadde sitt tilhelde her til dømes Heilage Tove: Tovedal eller Tuve-(dalir) seinare forvride til Tud-dal.
Like nær ligg det å tenker på ein som bar namnet Tub og som heldt til på Hovde. Etter gamle segner kan det ha vore ein bygdehelgen – derav namnet Sælstugo på denne garden Hovde.
Ein åker der har namn etter han – Tubaråker og eit berg har namnet Tubarberget.
Fekk dalen namn etter han (Tubdal) er overgongen lett til det det er no. Ein eller onnor stad er det ogso nemnt ein Tub Gjuvstul. Det kan vere den same Tub då det heiter at Hovde eingong har ått til Juvåa. Ogso Tuftdal er nemnt ( - av tuft ).
Her er funne ein del gamle ting: Halvor Mjellekås var på fisketur i Skjærtjønn. Ved nordoset er ein haugrante der dei tosse det var fint med ei kaffikvild. Med dei sat der fekk han auge på eit kvart som låg innpå ei avblåst steinfjøre. Det synte seg å vere ein pilespiss som låg slik like upp i dagen. Han sende han inn til Oldsakssamlinga der dei rekna alderen til eit par tusen år før kristi tid. Det er sikkert eit bra stykke tid sidan hin veidarmann gjesta staden. Under tomtegraving på Hovde fann dei ei lita steinøks. Nils Hovde gav ho til Bygdetunet.
|